Store opplevingar på ei lita helg
Foto: Øyvind Heen - fjords.com
Med Lindstrøm Hotel som utgangspunkt kan du oppleve mykje på ei helg. Sjå nokre av våre tips.
Ei helg på Lindstrøm Hotel er eit godt utgangspunkt for å sjå dei mange populære attraksjonane og opplevingane i denne delen av Sogn.
Allereie no kan du booke ei helg hjå oss - me opnar for overnatting frå 1. mai.
I smørøyet av Lærdalsøyri
Lindstrøm Hotel ligg idyllisk til på Gamle Lærdalsøyri i Lærdal. Her kan du vandre mellom vakre pastellfarga trehus, ta deg ein kaffekopp på bakeriet og handle i dei lokale småbutikkane.
Lærdalselva som renn forbi er eit populært mål for mange sportsfiskarar, og du kan òg besøkje Norsk Villakssenter berre 100 meter frå hotellet.
I nærområdet
Med ein liten biltur når du Borgund Stavkyrkje på berre 20 minutt. Dette er Noregs best bevarte kyrkje av sitt slag.
Like ved kyrkja ligg Vindhella, den aller flottaste delen av Kongevegen.
Ei kort reise unna
Om du vil utforske meir av det Sogn har å tilby, finn du både Sognefjorden og den populære turstien Aurlandsdalen innan kort reisetid.
Ikkje minst ligg Flåm, med alle sine aktivitetar og attraksjonar, berre ein dryg halvtime unna.
Noko av det du kan sjå på ei helg:
Kongevegen
Den finaste delen av Kongevegen, Vindhella, ligg berre 20 minutt med bil frå hotellet.
Aurlandsdalen
Om lag 40 minutt frå hotellet finn du Aurlandsdalen - ein av dei flottaste og mest populære fjellturane i området.
Lærdalselva
Lærdalselva rett ved hotellet blir ofte kalla “Dronninga blant lakseelvar”. Hit har det kome sportsfiskarar sidan 1850-åra og Kong Harald har fiska her sidan 1970-talet.
Gamle Lærdalsøyri
Frå hotellet kan du spasere inn i noko av det mest særmerkte av gamal tettstad-arkitektur.
Flåm
Flåm ligg ein dryg halvtime frå hotellet, og kan by på attraksjonar som Flåmsbana, zipline, Stegastein og fjordsauna.
Borgund Stavkyrkje
Den mest særmerkte av dei norske stavkyrkjene ligg berre 20 minutt frå hotellet.
Sognefjorden
Den 200 km lange Sognefjorden er det perfekte utgangspunkt for ein tur i båt eller kajakk.
Foto: Øyvind Heen - fjords.com
Nasjonalt Villakssenter
Berre 100 meter frå hotellet ligg Nasjonalt Villakssenter kor du kan læra om livshistoria til atlanterhavslaksen og tradisjonane kring laksefisket.