Borgund Stavkyrkje opnar for sesongen

Borgund Stavkyrkje, bygd i 1180.

Noregs mest særmerkte stavkyrkje ligg berre 20 minutt frå hotellet, og opnar for besøk frå 15. april.

Kvart år er det mange av gjestane våre som legg turen til Borgund Stavkyrkje.

Det er kanskje ikkje så rart, når ein slipp unna med ein liten køyretur på berre 20 minutt for å oppleve den mest særmerkte av dei norske stavkyrkjene.

Stavkyrkje og besøkssenter

Borgund Stavkyrkje er bygd kring år 1180 og er svært godt bevart. Kyrkja er vigsla til apostelen Andreas.

Ved stavkyrkja finn du óg eit eige besøkssenter, med utstillingar, kafé og suvenirbutikk.

Stavkyrkja og besøkssenteret opnar 15. april, og tek imot besøk fram til 10. oktober.

Historisk rute like ved

Kvifor ikkje gå deg en liten tur når du først er i Borgund?

Like ved stavkyrkja ligg Vindhellavegen, den vakreste delen av Kongevegen over Filefjell. Vegstrekninga fekk i 2014 tildelt Vakre vegars pris.

Me håpar mange av gjestane våre får gleda av ein tur til Borgund medan dei bur hjå oss denne sommaren. God tur!

Vindhellavegen i Borgund. Foto: Visit Norge

Gasta Design