Historia om Lindstrøm Hotel
Det starta med butikk og «Landhandel med Forpligtelse til at holde Gjestgiverie».
Etablert i 1845 - med plikt til å ta imot reisande
Lindstrøm Hotel er eitt av dei eldste og mest særprega hotella på Vestlandet, med ei fargerik og dramatisk historie.
Jørgen Christian Lindstrøm og Birgitte Marthea Lindstrøm frå Bergen tok over handelen etter Johan Joakim Møller på Lærdalsøyri. Med på kjøpet av «Lindstrømbui» følgde plikt til å ta imot reisande - dermed eit tilbod om overnatting.
Dei første åra
Fotoet er teke ca. 1870 og viser korleis Lindstrøm Hotel såg ut dei første åra. Huset til venstre er «Kofoeden», som seinare vart bygd om til sveitsarstil. Huset til høgre er hovudbygningen.
Foto: K. Knudsen. Eigar: Billedsamlingen, UBB.
Eit hotell i vekst
For å auke kapasiteten, kjøpte ekteparet Lindstrøm huset til apotekar Andreas Agerskog i 1853. 20 år seinare, då sonen Ole Johan hadde teke over drifta, vart Lindstrøm Hotel utvida med nok eit bygg. No var det huset til sakførar Hans Ramshard Kofoed, like over gata, som vart med i hotelltunet.
I 1885-1886 vart hotellet igjen utvida, denne gongen med påbygg på både «apoterkahuset» og «Kofoeden» - med utskorne verandaer i sveitsarstil.
I 1898 vart «Nybu» sett opp i hotellhagen, denne også i sveitserstil. Dette vart sett på som ei internasjonal og moderne stil.
Fasjonable gjester frå England
Frå slutten av 1800-talet strøymde velståande turistar til Lærdal for å fiske laks i Lærdalselvi og mange tok inn på Lindstrøm Hotel.
Det var òg ein del kongelege frå Europa som kom for å oppleve Lindstrøm Hotel og laksefiske. Prins Axel av Danmark var den som kom oftast og har fått kalla opp ein av bygningane etter seg: «Prins Axels hytte».
Nybygg i betong
I 1968 fekk resepsjonsbygningen eit tilbygg, teikna av arkitektane Claus og Jon Lindstrøm, som var nære slektningar av hotelleigaren. Det var mykje snakk om hotellbrannar på denne tida, så det vart byggja med tanke på brannsikkerheit. Den nye fløya fekk difor flatt tak og større betongkonstruksjonar, i tillegg til sprinkelanlegg.
Brannen 25. juni 1968
Kort tid etter det nye tilbygget sto klart, skjedde det hotellet frykta: hotellet brann og fekk store skadar.
Foto: Ukjend fotograf/Lærdal lokalhistoriske arkiv.
Brann ned til grunnen
Den gamle hovudbygningen, «Apotekarhuset», vart totalskadd i brannen. I tillegg brann den eldre delen av resepsjonen ned til grunnen. Dette var «hjartet» i hotellet og måtte byggjast fort opp.
Før året var omme, hadde dei, utruleg nok, sett opp ein ny resepsjon på branntomta. Denne vart utvida nokre år seinare med fleire etasjar.
I dag finst det framleis gamle maleri og møblar som vart berga frå brannen.
Foto: Ukjend fotograf/Lærdal lokalhistoriske arkiv.
Moderne fasade
Hotellbygningen som vart reist i 1968, og forlenga i 1972, har lite til felles med det gamle sveitsarstil-hotellet. Bygningen er teikna av Jon og Claus Lindstrøm, arkitektar som fekk anerkjenning for å la det nye og gamle tale kvart sitt naturlege språk.
Dette er i dag resepsjonsbygningen og har fellesareal i første etasje, med hotellrom i dei to øvste etasjane.
«Nybu» fortsatt ein del av hotellet
Lindstrøm Hotel har i alt fem ulike bygningar i dag, der nyaste er frå 1985 og eldste er «Nybu» - som vart sett opp i 1898 i sveitserstil.
Her finn du 12 rom som alle er ulike og unike. Skandinavisk design møter 1800-talet, med fargar og møbel som spelar fint saman. Noko av møblementet er originalt, medan noko har kome til undervegs.
Frå nasjonalromantikk til skandinavisk design
Eksteriør- og interiørmessig spenner heile hotellet seg frå nasjonalromantikk til moderne, skandinavisk design med innslag frå designarar som Alvar Aalto, Hans Wegner, Arne Jacobsen, Hans Brattrud og Torbjørn Afdal.
Hotellet har tre generasjoner med Lindstrøm-arkitektar som har vore involvert i innreiinga og satt sitt preg på hotellet. Dette har gitt hotellet gode kvaliteter og ein unik stil som varierer frå rom til rom.
Kjelder:
Historieskriftet som vart laga i samband med 150-års-jubileet i 1995, av Anna Jorunn Avdem og Jan Olav Fretland
Forretnings- og hotellfamilien Lindstrøm, Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane, av Ottar Starheim
Husa såre, Arkitekturarven i Sogn og Fjordane, av Kolbjørn Nesje Nybø
Knut og Britt Lindstrøm