
Miljø og berekraft
På Lindstrøm Hotel er vi opptekne av miljøet, og gjer så godt vi kan for å bidra til ei positiv endring. På denne sida kan du lese om forpliktingane våre og sjå noko av arbeidet vi har gjort så langt.
De Historiske
Vi er medlem av De historiske, som vil ta vare på Norges unike natur- og kulturverdier. De Historiske er sertifisert Miljøfyrtårn, og har bidrege til og signert «Veikart fra Reiselivsnæringen i Norge».
Mijøfyrtårn
Allereie i 2012 blei vi sertifisert Miljøfyrtårn. Målet med ordninga er å gjere grøn omstilling konkret og effektiv, og det er spennande å sjå i miljørapporten at CO2-utsleppet vårt blir redusert år for år.
Berekraftig Reisemål
Vi er stolte av å vere merka som Berekraftig Reisemål. Eit kvalitetsmerke for destinasjonar som jobbar systematisk over tid for å redusere reiselivet si påverking på miljø, natur og lokalsamfunn.
Servering av lokale råvarer
Når det kjem til innkjøp av råvarer, prøver vi å ta miljøbevisste val. Vi får mellom anna levert grønsaker frå lokale gardar om sommaren. Vi jobbar óg med å bevisstgjere gjestane våre ved å oppmode dei til å kaste minst mogleg mat.
Kvalitetsmøblar som varer
Vi kjøper kvalitetsmøblar som skal vare i mange år. Når møblane begynner å bli slitt, pussar vi dei opp og ordnar dei framfor å kjøpe nye. Vi brukar også å trekkje om stoffet på stolar og sofaer. Gjenbruk er viktig for oss. Bildet viser Y-stolen til Hans Wegner i matsalen, som har vore hjå oss sidan 1968.
Eigen elbil-ladar på hotellet
Det er gode moglegheiter for å lade elbilen mens du er på besøk hjå oss. Vi har eigen elbil-ladar i bakgarden til hotellet, i tillegg til at det finst offentlege ladarar ca 100 meter unna.
Energieffektivisering våren 2024
Våren 2024 blei fasaden modernisert med nye vindauge. Dette har vore eitt av to prioriterte tiltak for å betre energibruken på hotellet.
Reis til oss med kollektivtransport
Det finst gode løysingar for å reise til oss med offentleg transport. Det går mellom anna buss frå både Bergen og Oslo som stoppar på Lærdalsøyri.
For oversikt over offentleg transport, sjå Entur.no