Lagar show i Lærdal i vår og sommar

Opplev musikk frå mellom anna Blues Brothers i Lærdal i sommar.

I mai og juni kan du oppleve musikk frå mellom anna Blues Brothers, ABBA, Boney M og The Beatles i Lærdal.

Gjennom våren og sommaren arrangerer Lærdal Ferie- og Fritidspark ei rekkje show og musikalar i samarbeid med Stars in Concert frå Berlin.

Forestillingane foregår i ferieparken som ligg på Lærdalsøyri, berre 10 minutt spasertur frå Lindstrøm Hotel.

 

Artistane skapar inntrykk av originalene i ABBA.

 

Nesten som originalane

Her får du sjå artistar som etterliknar nokre av dei største stjernene vi har og har hatt - frå The Beatles og ABBA til Boney M og Blues Brothers.

Både vokalt og visuelt skapar dei inntrykk av originalane, komplett med liveband og smidige dansarar.

Berre til å gle seg

Allereie no kan du bestille billettar til I’m a Soulman - A tribute to the Blues Brothers 5.-7. mai og A Tribute to ABBA & Boney M 2.-4. juni.

Meir informasjon om komande arrangement finn du på nettsidene til Lærdal Ferie- og Fritidspark.

Ferieparken får gang på gang begeistra tilbakemeldingar frå publikum, så her er det berre til å gle seg!

 

Du blir tatt med på ei reise til 70-talet i A Tribute to ABBA & Boney M.

 
Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Store opplevingar på ei lita helg

Neste
Neste

Nytt bakeri opna på Lærdalsøyri