Nytt bakeri opna på Lærdalsøyri

Det var mykje folk tilstades på opnina av det nye bakeriet 12. mars. Foto: Anders Huke/Sogn Avis

No kan du nyte varm bakst og ein god kopp kaffi eit steinkast frå hotellet.

Laurdag 12. mars opna endeleg det nye bakeriet på Lærdalsøyri. Med mykje folk tilstades, var det liten tvil om at dette er eit kjærkomment nytt tilbod både for lokale og tilreisande.

Bakeriet, som har fått namnet Fredag & Fretland, vil framover servere alt frå kanelsnurrar og scones til pizza og wraps i flotte, nyoppussa lokale.

Det nye bakeriet ligg på Monsemarki, berre få minutt gange frå Lindstrøm Hotel. Vi er sikre på at gjestane våre vil finne mykje godt å bite i her!

Les meir om opninga i Sogn Avis

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Lagar show i Lærdal i vår og sommar

Neste
Neste

Hotellet opnar 1. mai