Heider frå Booking.com - igjen!
Lindstrøm Hotel har fått Travellers Review Award for tredje år på rad.
Både i 2023 og 2024 fekk hotellet utmerking frå Booking.com, og no er dei nyaste resultata endeleg komne:
– Ein score på 8,1 av 10 viser at gjestane har ei god oppleving når dei besøker oss, og det er vi veldig glade for, seier drivar Knut Lindstrøm.
Vi set stor pris på dei gode tilbakemeldingane og vil takke alle som har valt å bu hos oss i året som gjekk.
Slike tilbakemeldingar gir oss motivasjon til å halde fram med å skape gode opplevingar for gjestane våre.
No ser vi fram mot ein ny sesong, og opnar hotelldørene igjen i mai 2025. Vi gler oss til å ta imot både nye og kjende gjester. Velkomen!