Takk for i år!

Etter ein eventyrleg hotellsesong i 2024, gler vi oss til ein roleg juleferie før vi ser fram mot neste år.

Vertskapet Britt Isdal og Knut Lindstrøm takkar for alle gode tilbakemeldingar denne sesongen.

Nok ein hotellsesong er over. I 2024 har det vore månadar med flotte opplevingar og gode menneskemøte for oss på Lindstrøm Hotel.

Vi har hatt besøk av gjestar frå inn- og utland, og er stolte over å få vise fram Lærdal og alt bygda vår kan by på.

Heile vegen har vi gjort vårt yttarste for å sørge for at gjestane får eit best mogleg opphald, og er glade for alle dei positive tilbakemeldingane vi får - både direkte og på nettet.

No er det ikkje lenge til julefreden senkar seg over Lærdalsøyri.

Då skal vi ta ein velfortent pust i bakken etter nok ein travel hotellsesong, før vi går i gang med planlegginga inn mot neste år.

Booking for 2025 har me allereie opna, for dei som liker å vere tidleg ute med planlegginga.

No gjenstår det berre å sei:

Takk for i år, og velkommen tilbake!

Ingvild Hagen