Villakssenteret får nye og oppgraderte utstillingar
Lær meir om laksen sitt fantastiske liv, berre eit steinkast frå hotellet - og rett ved den berømte Lærdalselva.
Etter ein lengre periode med ombygging og modernisering, opnar Nasjonalt villakssenter endeleg igjen i Lærdal.
Det blir splitter nye utstillingar som tek i bruk nye verktøy for å vise fram livet til villaksen. Her kan du følgje laksen gjennom oppveksten i elva, vandringa ut i storhavet, tilbake inn fjorden og opp fødeelva.
I utstillinga tek dei i bruk film, lyd, interaktive skjermar, store projeseringar og bilde. Ei kjekk oppleving for store og små!
Torsdag 15. juni er det offisiell opning, så no er det berre til å ta turen innom. Blir du sulten under besøket, finn du óg Laksen bakeri & kafe i same bygget.
Opningstider:
15. juni - 31. august kl. 11-18
1. sept - 15. sept kl. 11-16