Motbakkeløp i Lærdal 18. mai

Klar for ei utfordring? Prøv deg på 900 høgdemeter motbakkeløp i Lærdal.

I år er den 13. gongen løpet Storehaugen Opp blir arrangert, til stor glede for både lokale og tilreisande mosjonistar.

I motbakkeløpet får ein teste seg på dei om lag 900 høgdemetrane frå Sviggum (15 m.o.h.) til toppen av Storehaugen (908 m.o.h.).

Det er både konkurranseklasse med tidtaking og mosjonsklasse utan tidtaking denne dagen. Dermed passar turen like godt for store og små.

 

Ruta til Storehaugen Opp i Lærdal 18 mai. Foto: Jan Christian Jerving/Storehaugen Opp.

 

Påmeldinga er opna

Allereie no kan du melde deg på via arrangøren. Påmeldingsfrist for konkurranseklassen er 15. mai.

Vi reknar med at nokre av våre gjestar er spreke nok til å ta utfordringa!

Treng du overnatting, har vi framleis ledige rom desse dagane. Sjå ledige rom på vår bookingside.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Villakssenteret får nye og oppgraderte utstillingar

Neste
Neste

Porsche-entusiastar frå heile landet kjem til Lærdal