Turar

Lindstrøm Hotel i Lærdal ligg idyllisk til på Gamle Lærdalsøyri mellom vakre pastellfarga trehus. Lærdal har fått merket for Bærekraftig reisemål og er ei typisk vestlandsbygd med dramatiske fjell og eit frodig kulturlandskap som vitnar om eit aktivt jordbruk.

Frå hotellet kan du mellom anna gå Kongevegen, vandre i villvakre Aurlandsdalen, nyte utsikta over Lærdal frå Torsteinen. Eller kva med å reise på fottur til Jotunheimen?

Vi gir deg gjerne tips til aktivitetar.

 
 
 
Kongevegen_visit+norge.jpg

Kongevegen

Den finaste delen av Kongevegen, Vindhella, ligg berre 20 minutter med bil frå hotellet. Kongevegen var den første vegen der folk kunne køyre med hest og kjerre mellom aust og vest.

aurlandsdalen+2.jpg

Aurlandsdalen

Aurlandsdalen er ein av dei flottaste og mest populære fjellturane i området rundt Flåm, ca. 40 minuttar frå Lindstrøm Hotel.

 
2018_nr_03834_dato_07_07+Torsteinen.jpg

Torsteinen

Ein litt krevjande og bratt tur som til gjengjeld gir nydeleg utsikt over Lærdalsøyri og Lærdalsfjorden. Den kjente steinen på toppen gir deg eit ekstra sug i magen. Turen startar bak Lærdal sjukehus.

vettisfossen%2Bfra%CC%8A%2Bbrendeteigen.jpg

Jotunheimen

Jotunheimen byr på eit omfattande stinettverk og flotte hytter blant Norges høgaste fjell. Frå Lærdal er beste inngangsport i Årdal og inn vakre Utladalen, eller til Eidsbugarden via Filefjell.