Destinasjonar
Lindstrøm Hotel i Lærdal ligg idyllisk til på Gamle Lærdalsøyri mellom vakre pastellfarga trehus. Lærdal har fått merket for Bærekraftig reisemål og er ei typisk vestlandsbygd med dramatiske fjell og eit frodig kulturlandskap som vitnar om eit aktivt jordbruk.
Frå hotellet kan du nyttiggjere deg av alle aktivitetane i Flåm, som Flåmsbana, fjordcruise og zipline, sjå den flotte utsikta frå Stegastein i Aurland, eller ta deg en tur på Gamle Lærdalsøyri.
Vi gir deg gjerne tips til aktivitetar.
Flåm
Flåm ligg ein dryg halvtime frå Lindstrøm Hotel og kan by på mange aktivitetar og attraksjonar, som Flåmsbana, Flåm Zipline eller Fjord Cruise Nærøyfjord.
Gamle Lærdalsøyri
Gamle Lærdalsøyri er noko av det mest særmerkte av gamal tettstad-arkitektur og eit av dei største samla bygningsmiljøa frå eldre tid som er att i Noreg.
Sognefjorden
Den majestetiske Sognefjorden er kongen av alle fjordar. Fjorden er 200 km lang, og er på det djupaste 1300 meter. Fjorden er faktisk like djup som fjella kring fjorden er høge.
Aurland
Stegastein utkikspunkt i Aurland gir fantastisk utsikt til Nærøyfjorden og Jotunheimen. Strekningen fra Lærdal til Auland tar deg over Snøfjellet som er en 48km lang nasjonal turistveg på Aurlandsfjellet. Høgste punktet er på 1306 m.o.h.