Vi opnar 10. mai
Sesongopninga 10. mai nærmar seg med stormskritt.
Vanlegvis kjem våre gjester frå alle delar av verden. I år blir det nok ein litt anna sesong, med fleire gjestar frå Noreg.
Året 2020 gjekk stort sett til å ruste oss best mogeleg for 2021. Vi har mellom anna fått inn ein del nye møblar og malt nokon av veggane innvendig for å friske opp hotellet til opninga.
I denne perioden valte vi også å fornye den grafiske profilen og nettsida vår. Vi hadde eit ønskje om å kommunisera dei gode kvalitetane til hotellet på ein betre måte. Den unike stilen til hotellet kjem no godt fram og vi er godt nøgd med resultatet.
Neste prosjekt er å tilpasse vareutvalet i hotell-butikken til norske besøkande. Ved opningen i mai ønskjer vi å tilby våre gjester eit sortiment fylt av kvalitetsvarer frå Skandinavia.
Vi ser fram til ein hyggeleg sommar og ønskjer deg hjarteleg velkomen!