Vi ser fram mot sesongopning 2. mai

Våren er i anmarsj, og på Lindstrøm Hotel ser vi fram til ein ny sesong med gode opplevingar og trivelege gjestar.

Fredag 2. mai opnar vi endeleg dørene på hotellet igjen, og vi gler oss til å ønskje nye og kjende gjestar velkomne til vakre Lærdal,

Anten du kjem for å nyte den unike naturen, utforske opplevingar i nærleiken eller berre slappe av i historiske omgjevnader, er Lindstrøm Hotel ein perfekt stad å bu. Hos oss finn du ei sjarmerande blanding av gamal og ny historie - og ikkje minst ein plass kor du kan finne den gode roen.

Booking er allereie open, og vi oppmodar deg til å sikre deg opphaldet ditt i god tid. Våren og sommaren i Lærdal er noko heilt spesielt – med blomstrande frukthagar, lange lyse kveldar og ein atmosfære du berre finn her.

Velkomen til oss!

Vertskapet Britt Isdal og Knut Lindstrøm tek deg imot på hotellet.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Neste
Neste

Lindstrøm Hotel er stolt medlem av De historiske