Lad elbilen når du besøkjer oss

På Lindstrøm Hotel har me eigen elbil-ladar i bakgården for våre gjestar.

Lindstrøm Hotel har gode moglegheiter for å lade elbilen medan du er på besøk.

No finn du ein eigen elbil-ladar i bakgården til hotellet. Denne er eksklusiv for buande gjestar hjå oss.

Ladaren har 32 ampere og eitt uttak.

Med ladestasjonen kan du lade med opp til 7,2 kilowatt, viss bilen din støttar dette.

Offentlege ladarar rett i nærleiken

I tillegg til vår eigen ladar, finst det offentlege ladarar frå SFE om lag 100 meter frå Lindstrøm Hotel.

Desse ladarane er Type 2, som dei fleste nyare elbil-modellar har.

For nærmaste hurtigladar, sjå ladestasjoner.no

Me ønskjer alle elbil-køyrande gjester hjarteleg velkomen!

 

Offentleg ladar frå SFE ca. 100 meter frå hotellet.

 
Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Lindstrøm Hotel er nytt medlem av De Historiske

Neste
Neste

Kunstnar Maria Gullaksen Brinch finn inspirasjon på Lindstrøm Hotel