Kva skjer rundt oss i år?

2021 er nok eit spesielt år, der aktivitetar og arrangement er avgrensa. Vi har laga ei oversikt med forslag til kva du kan oppleve i Lærdal og områda rundt Lindstrøm Hotel.

Lærdal

I Lærdal kan du oppleve alt frå vakker natur, med fjord og fjell, til flotte pastellfarga trehus .

I Lærdal finn du den best bevarte stavkyrkja i Noreg, Borgund stavkyrkje. Kyrkja er bygd kring år 1180 og er den mest særmerkte av dei norske stavkyrkjene. Opningstider i 2021 er frå 1. april til 10. oktober, kl 10.00-17.00 (17. mai held dei stengt).

Flåm

Flåm ligg ein dryg halvtime frå Lindstrøm Hotel og kan by på mange aktivitetar og attraksjonar, som Flåmsbana, zipline, Stegastein og Fjord Cruise Nærøyfjord.

Flåmsbana er ein av Noregs mest populære turistattraksjoner og går heile året. Les meir om prisar og rutetidar på Visit Flåm.

Opplev fjordcruise gjennom Nærøyfjorden frå Flåm til Gudvangen. Turen er fantastisk, uansett årstid. Sjå meir info og rutetider på Visit Flåm.

Kongevegen

Kongevegen var den første vegen der folk kunne køyre med hest og kjerre mellom aust og vest. Kongevegen over Filefjell er en flott tur som er fin å vandre på frå påske.

Les meir om attraksjonar som er verdt å få med seg.

IMG_20190802_183222_839.jpg
Gasta Design