Opplev Kongevegen med løpeskoa på
Er dette Noregs finaste terrengløp?
Laurdag 16. september arrangerast terrengløpet Galdane Rundt i Borgund i Lærdal.
Ein unik sjanse til å oppleve spektakulær natur, samtidig som du får testa forma og utfordra deg sjølv i eit variert terreng.
Sjølve løypa er 8,7 km lang, med start og mål ved rasteplassen i Koret, om lag 17 km frå Lærdalsøyri kor Lindstrøm Hotel held til.
Løpet har både klasse med tidtaking og mosjonistklasse utan tid.
Meir informasjon og påmelding finn du hos Lærdal idrettslag.
Treng du overnatting i forbindelse med løpet, har vi ledige hotellrom denne helga. Finn overnatting her.
Vi håpar å sjå mange spreke hotellgjestar i løpet. Lukke til!