
Der gamal og ny historie møtest

Booking
Lindstrøm Hotel
Lindstrøm Hotel i Lærdal ligg idyllisk til på Gamle Lærdalsøyri mellom vakre pastellfarga trehus.
Lindstrøm Hotel har ulike bygningar, der nyaste er frå 1985 og eldste er ein nydeleg sveitsarbygning frå 1800-talet. Når du booker rom hjå oss kan du velje kva del du ynskjer å bu i, hovudhuset eller Lindstrøm 1899.

Tradisjonsrik mat
Vi er oppteken av å bruke råvarer frå frukt- og grøntbygda Lærdal til å lage god, heimelaga mat. Du skal få fine smaksopplevingar på Lindstrøm Hotel.

Attraksjonar
Frå Lindstrøm Hotel kan du vandre tilbake i historia. Ta deg ein tur på Gamle Lærdalsøyri, opplev Kongevegen, sjå Borgund stavkyrkje, den best bevarte mellomalderkyrkja i Noreg, eller lær meir om den verdsberømte Lærdalselva, som har vorte eit mekka for laksefiskarar sidan 1850.